2. Samuelsbok 23:10-18 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

10. men han heldt ut og hogg ned filistarar til handa hans vart så stiv at ho hang fast i sverdet. Den dagen lét Herren israelittane vinna ein stor siger, og då stridsmennene vende om og fylgde Elasar, kunne dei berre plyndra dei falne.

11. Etter han kom Sjamma, son til Age frå Harar. Ein gong hadde filistarane samla seg ved Leki. Det var ein tett linseåker der, og då israelittane rømde for filistarane,

12. gjekk Sjamma midt ut i åkeren og verna han. Han hogg ned filistarar, og Herren lét han vinna ein stor siger.

13. Ein gong då det leid mot skurdonna, fór tre av dei tretti hovdingane ned til David, som var i hola ved Adullam. Filistarhæren låg i leir i Refa’im-dalen.

14. David heldt då til i fjellborga, og forposten åt filistarane låg ved Betlehem.

15. Då fekk David hug på vatn og sa: «Gjev einkvan ville henta vatn til meg frå brunnen ved byporten i Betlehem!»

16. Dei tre kjempene braut seg gjennom filistarleiren, auste opp vatn or brunnen ved byporten i Betlehem og tok det med seg til David. Men han ville ikkje drikka. Han rende det ut for Herrens åsyn

17. og sa: «Herren fri meg frå å gjera noko slikt! Skulle eg drikka blodet åt dei mennene som våga livet då dei gjekk?» Og han ville ikkje drikka. – Dette gjorde dei tre kjempene.

18. Så var det Abisjai, bror til Joab og son til Seruja; han var hovding over dei tretti. Ein gong svinga han spydet sitt over tre hundre falne og fekk eit stort namn mellom dei tretti.

2. Samuelsbok 23