2. Samuelsbok 23:1-16 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Dette er Davids siste ord.Så seier David, son til Isai,så seier mannen ¬som høgt er sett,han som er salva ¬av Jakobs Gud,helten i Israels songar:

2. Gjennom meg talar ¬Herrens Ande,hans ord er på mi tunge.

3. Israels Gud har tala,Israels Berg har sagt til meg:«Den som styrer folket ¬med rettferd,den som rår med gudsfrykt,

4. han er lik morgonljosetnår sola renn ¬ein skylaus morgon,og graset gror i sol etter regn.»

5. Så har mitt hus det med Gud.Med meg har han gjort ¬ei evig pakt,vel skipa og nøye halden.Ja, alt som tener til mi frelse,alt eg ynskjer, lèt han gro fram.

6. Men dei gudlause, dei er allelik tornar som ein kastar bort,ingen rører dei med hendene.

7. Den som kjem nær dei,væpnar seg ¬med jern og spydskaft.Så vert dei brende i elden.

8. Dette er namna på krigarane åt David:Fyrst var det Josjeb-Basjebet av Hakmon-ætta, hovding over dei tre. Det var han som svinga spydet sitt over åtte hundre falne på ein gong.

9. Etter han kom Elasar, son til Dodo frå Akoak. Han var ein av dei tre krigarane som var med David ved Pas-Dammim då filistarane hadde samla seg til strid der. Israelittane drog seg attende,

10. men han heldt ut og hogg ned filistarar til handa hans vart så stiv at ho hang fast i sverdet. Den dagen lét Herren israelittane vinna ein stor siger, og då stridsmennene vende om og fylgde Elasar, kunne dei berre plyndra dei falne.

11. Etter han kom Sjamma, son til Age frå Harar. Ein gong hadde filistarane samla seg ved Leki. Det var ein tett linseåker der, og då israelittane rømde for filistarane,

12. gjekk Sjamma midt ut i åkeren og verna han. Han hogg ned filistarar, og Herren lét han vinna ein stor siger.

13. Ein gong då det leid mot skurdonna, fór tre av dei tretti hovdingane ned til David, som var i hola ved Adullam. Filistarhæren låg i leir i Refa’im-dalen.

14. David heldt då til i fjellborga, og forposten åt filistarane låg ved Betlehem.

15. Då fekk David hug på vatn og sa: «Gjev einkvan ville henta vatn til meg frå brunnen ved byporten i Betlehem!»

16. Dei tre kjempene braut seg gjennom filistarleiren, auste opp vatn or brunnen ved byporten i Betlehem og tok det med seg til David. Men han ville ikkje drikka. Han rende det ut for Herrens åsyn

2. Samuelsbok 23