2. Samuelsbok 22:8-21 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

8. Då skalv og riste jorda,himmelens grunnvollar skok,dei skalv fordi han var harm.

9. Røyk steig opp or hans nase,øydande eld or hans munn;gneistar og glør fór ut frå han.

10. Han senka himmelen ¬og steig nedmed svarte skyer ¬under sine føter.

11. Sitjande på kjerubar flaug han,kom til synes ¬på vengene åt vinden.

12. Han gjorde mørkret til sitt telt,og kring seg hadde han ¬svarte, regntunge skyer.

13. Frå stråleglansen framføre hanfór det ut gneistar og glør.

14. Herren torna frå himmelen,Den Høgste lét røysta si lyda.

15. Han skaut sine piler ¬og spreidde mine fiendar,han sende lyn og skræmde dei.

16. Rennene på havbotnen ¬kom til synes,grunnvollane under jorda ¬viste segdå Herren truga,ja, bles og fnyste av vreide.

17. Han rette ut si hand frå det høge ¬og greip meg,drog meg opp ¬or det djupe vatnet.

18. Han berga meg ¬frå min mektige fiende,frå motstandarar ¬som var meg for sterke.

19. Dei gjekk imot meg ¬på ulukkedagen,men Herren var ei støtte ¬for meg.

20. Han førte meg ut i ope lendeog fria meg ut, ¬for han har meg kjær.

21. Herren gjorde vel imot meg ¬for mi rettferd,han lønte meg ¬fordi mine hender var reine.

2. Samuelsbok 22