2. Samuelsbok 22:46-51 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

46. Ja, dei framande er utmødde,skjelvande kjem dei ¬ut or sine borger.

47. Herren lever! ¬Mitt berg vere lova!Opphøgd vere den sterke Gud, ¬min frelsar.

48. Gud gjev meg hemnog legg folkeslag under meg.

49. Han friar meg frå mine fiendar,ja, lyfter meg høgt ¬over mine motstandararog bergar meg frå valdsmenn.

50. Difor lovar eg deg ¬mellom folka, Herre,og prisar ditt namn med song.

51. Han gjev sin konge store sigrar,han er trufast ¬mot den han har salva,mot David og hans ætt ¬til evig tid.

2. Samuelsbok 22