2. Samuelsbok 20:15-23 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

15. Så kom Joab og Abisjai og kringsette han i Abel-Bet-Ma’aka. Dei kasta opp ein voll, som nådde bort til den ytre bymuren. Og heile hæren som var med Joab, gjekk laus på muren og ville få han til å falla.

16. Då var det ei klok kone som ropa frå byen: «Høyr her! Høyr her! Bed Joab koma nærare, så eg får tala med han.»

17. Då gjekk han bort til henne, og kona spurde: «Er du Joab?» «Ja,» svara han. Ho sa til han: «Høyr kva tenestkvinna di har å seia.» «Eg høyrer,» svara han.

18. Då sa kona: «I gamle dagar sa folk: Gå og spør deg føre i Abel – og så var saka avgjord.

19. Vi er av dei trufaste og fredsæle i Israel. Men du prøver å gjera ende på ein by, ei mor i Israel. Kvifor vil du øyda Herrens eigedom?»

20. Joab svara: «Nei, eg vil på ingen måte øyda eller herja.

21. Det har seg ikkje så. Men ein mann frå Efraims-fjella, som heiter Sjeba og er son til Bikri, har lyft handa mot kong David. Lat meg berre få tak i han, så skal eg dra bort frå byen.» Då sa kona: «Du skal få sjå at dei kastar hovudet hans ut til deg over muren.»

22. Så gjekk kona til folket i byen med det kloke rådet sitt. Og dei hogg hovudet av Sjeba Bikrison og kasta det ut til Joab. Då bles han i hornet, og mennene drog bort frå byen og fór heim, kvar til seg. Sjølv fór Joab attende til Jerusalem, til kongen.

23. Joab var hovding over heile Israels-hæren, og Benaja, son til Jojada, var hovding over livvakta.

2. Samuelsbok 20