5. sende han nokre bodberarar til dei. Dei skulle seia: «Herren velsigne dykk fordi de synte slik truskap mot Saul, herren dykkar, at de gravla han.
6. Gjev Herren må syna dykk godhug og truskap! Og eg vil òg gjera vel mot dykk fordi de har gjort dette.
7. Så ta då mot til dykk og ver djerve menn! Saul, herren dykkar, er nok borte, men no har Juda-folket salva meg til konge over seg.»
8. Abner Nersson, hærføraren åt Saul, tok Isjbosjet, son til Saul, og førte han til Mahanajim.
9. Der fekk Abner han utropt til konge over Gilead, Asjer og Jisre’el, over Efraim og Benjamin, ja, over heile Israel.
10. Isjbosjet Saulsson var førti år gamal då han vart konge over Israel, og han styrte i to år. Det var berre Juda-ætta som heldt seg til David.
11. I sju år og seks månader var David konge i Hebron over Juda-ætta.
12. Abner Nersson tok ut frå Mahanajim med mennene åt Isjbosjet, son til Saul, og fór til Gibeon.
13. Joab Serujason og mennene til David drog òg ut. Dei møttest ved Gibeon-dammen og slo seg ned på kvar si side av dammen.
14. Då sa Abner til Joab: «Skal vi ikkje la nokre unge menn koma fram og halda ein våpenleik for oss?» «Jau, lat dei det,» svara Joab.
15. Så reiste dei seg og gjekk fram, så mange som skulle vera med, tolv frå Benjamin, av mennene til Isjbosjet Saulsson, og tolv av mennene til David.
16. Dei treiv kvarandre i hovudet og rende sverdet i sida på kvarandre, så dei fall alle saman. Sidan har denne staden vore kalla Sverdmarka; han ligg ved Gibeon.
17. Det vart ein ovhard strid den dagen. Og Abner og israelittane tapte for mennene til David.
18. Dei tre Seruja-sønene, Joab, Abisjai og Asael, var med der. Asael var lettføtt som ein gasell i marka.