25. Då samla benjaminittane seg i ei fylking bak Abner og stelte seg på toppen av ein haug.
26. Og Abner ropa til Joab: «Skal sverdet aldri halda opp å herja? Skjønar du ikkje at dette kjem til å enda med sorg? Kor lenge vil du venta før du seier til mennene dine at dei skal slutta å forfylgja frendane sine?»
27. Joab svara: «Så sant Gud lever: Hadde du ikkje sagt dette, ville folket fyrst i morgon ha slutta å forfylgja frendane sine.»
28. Så bles Joab i hornet, og heile hæren stogga. Dei forfylgde ikkje israelittane lenger og heldt ikkje fram med striden.
29. Abner og mennene hans gjekk gjennom Jordan-dalen heile natta. Dei sette over Jordan, fór gjennom heile Bitron og kom til Mahanajim.
30. Då Joab hadde halde opp med å forfylgja Abner, samla han heile hæren. Forutan Asael vanta det nitten av mennene til David.
31. Men Davids menn hadde drepe tre hundre og seksti benjaminittar, av Abners folk.