24. Men Joab og Abisjai heldt fram med å forfylgja Abner. Då sola gladde, var dei komne til Amma-haugen, som ligg midt for Giah, der vegen går til Gibeon-øydemarka.
25. Då samla benjaminittane seg i ei fylking bak Abner og stelte seg på toppen av ein haug.
26. Og Abner ropa til Joab: «Skal sverdet aldri halda opp å herja? Skjønar du ikkje at dette kjem til å enda med sorg? Kor lenge vil du venta før du seier til mennene dine at dei skal slutta å forfylgja frendane sine?»
27. Joab svara: «Så sant Gud lever: Hadde du ikkje sagt dette, ville folket fyrst i morgon ha slutta å forfylgja frendane sine.»
28. Så bles Joab i hornet, og heile hæren stogga. Dei forfylgde ikkje israelittane lenger og heldt ikkje fram med striden.