13. Joab Serujason og mennene til David drog òg ut. Dei møttest ved Gibeon-dammen og slo seg ned på kvar si side av dammen.
14. Då sa Abner til Joab: «Skal vi ikkje la nokre unge menn koma fram og halda ein våpenleik for oss?» «Jau, lat dei det,» svara Joab.
15. Så reiste dei seg og gjekk fram, så mange som skulle vera med, tolv frå Benjamin, av mennene til Isjbosjet Saulsson, og tolv av mennene til David.
16. Dei treiv kvarandre i hovudet og rende sverdet i sida på kvarandre, så dei fall alle saman. Sidan har denne staden vore kalla Sverdmarka; han ligg ved Gibeon.
17. Det vart ein ovhard strid den dagen. Og Abner og israelittane tapte for mennene til David.
18. Dei tre Seruja-sønene, Joab, Abisjai og Asael, var med der. Asael var lettføtt som ein gasell i marka.
19. Han sette etter Abner og bøygde ikkje av til nokon kant, men heldt seg heile tida i hælane på han.
20. Abner snudde seg og sa: «Er det du, Asael?» «Ja,» svara han.
21. Då sa Abner til han: «Bøy av til kva side du vil! Grip ein av unggutane og ta rustninga hans!» Men Asael ville ikkje la vera å forfylgja han.
22. Endå ein gong ropa Abner til han og sa: «Hald opp med å fylgja etter meg! Vil du kanskje at eg skal slå deg i bakken? Korleis skulle eg då kunna sjå Joab, bror din, i augo?»
23. Men han ville ikkje halda opp. Då rende Abner spydskaftet inn i magen hans, så det gjekk ut gjennom ryggen, og han fall om og døydde der. Alle som kom til den staden der Asael hadde falle og døytt, vart ståande ei stund.
24. Men Joab og Abisjai heldt fram med å forfylgja Abner. Då sola gladde, var dei komne til Amma-haugen, som ligg midt for Giah, der vegen går til Gibeon-øydemarka.
25. Då samla benjaminittane seg i ei fylking bak Abner og stelte seg på toppen av ein haug.
26. Og Abner ropa til Joab: «Skal sverdet aldri halda opp å herja? Skjønar du ikkje at dette kjem til å enda med sorg? Kor lenge vil du venta før du seier til mennene dine at dei skal slutta å forfylgja frendane sine?»