1. Joab fekk melding om at kongen gret og syrgde over Absalom.
2. Då vart sigersgleda til sorg for heile folket; for dei òg fekk snart vita at kongen syrgde over son sin.
3. Den dagen lurte mennene seg inn i byen, liksom folk lurer seg inn når dei skjemmest fordi dei har rømt frå striden.
4. Kongen heldt kappa for andletet og ropa høgt: «Absalom, son min, Absalom, son min, son min!»
5. Då gjekk Joab inn i huset til kongen og sa til han: «I dag har du ført vanære over alle mennene dine, dei som i dag har berga både ditt liv og livet åt sønene og døtrene, konene og fylgjekonene dine.