2. Samuelsbok 18:3-13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

3. Men dei svara: «Du skal ikkje dra ut. For om vi rømer, er det ingen som bryr seg om det, og om halvparten av oss fell, så ansar ingen det. Men du er jamgod med ti tusen av oss. Difor er det betre at du held deg i byen og kjem derifrå og hjelper oss.»

4. Kongen sa til dei: «Eg skal gjera som de ynskjer.» Så gjekk kongen ut og stod attmed byporten, medan heile hæren drog av stad, i fylkingar på hundre og på tusen.

5. Då sa han til Joab, Abisjai og Ittai: «Far varsamt med Absalom, guten min!» Heile hæren høyrde at kongen gav alle hovdingane dette påbodet om Absalom.

6. Så drog hæren ut i marka mot israelittane, og det kom til slag i Efraim-skogen.

7. Der tapte israelittane for Davids menn, og det vart eit stort mannefall den dagen, tjue tusen mann.

8. Striden spreidde seg over heile landet der ikring, og skogen øydde meir folk enn sverdet den dagen.

9. Det bar så til at Absalom kom beint imot mennene åt David. Han reid på muldyret sitt, og muldyret kom inn under dei tette greinene på ei stor eik. Hovudet hans sette seg fast i eika, og han vart hangande mellom himmel og jord. For muldyret han sat på, sprang sin veg.

10. Det fekk ein mann sjå, og han sa frå til Joab: «Eg såg Absalom hanga i ei eik.»

11. Då sa Joab til mannen som kom med meldinga: «Når du såg det, kvifor slo du han då ikkje til jorda på flekken? Så skulle eg ha gjeve deg ti sekel sølv og eit belte.»

12. Mannen svara: «Om dei så vog meg tusen sekel sølv opp i neven, ville eg ikkje lyfta handa mot son til kongen. Vi høyrde då alle at kongen gav deg og Abisjai og Ittai dette påbodet: Ta dykk av Absalom, guten min!

13. Men hadde eg fare fram med svik og teke livet av han, så hadde det ikkje kunna døljast for kongen, og du hadde nok halde deg unna.»

2. Samuelsbok 18