2. Samuelsbok 18:26-31 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

26. Brått fekk vaktmannen sjå ein annan mann som kom springande, og han ropa ned til portvakta: «Sjå, der kjem endå ein springande åleine!» Kongen sa: «Han òg kjem med god bodskap.»

27. Då sa vaktmannen: «Eg tykkjer den fyrste spring så likt Akima’as Sadoksson.» Kongen svara: «Han er ein god mann og kjem nok med gledebod.»

28. Akima’as ropa til kongen: «Ver helsa!» Så kasta han seg ned for kongen med andletet mot jorda og sa: «Lova vere Herren din Gud, som har late deg vinna over dei mennene som lyfte si hand mot deg, herre konge.»

29. Kongen spurde: «Står det bra til med Absalom, guten min?» Akima’as svara: «Eg såg at det var stort oppstyr då Joab sende kongstenaren og meg av stad; men eg veit ikkje kva det var.»

30. Kongen sa: «Gå til sides og venta der!» Så gjekk han til sides og vart ståande.

31. Med det same kom nubiaren og sa: «Her er ein god bodskap, herre konge! I dag har Herren hjelpt deg til din rett og fria deg frå alle dei som hadde reist seg mot deg.»

2. Samuelsbok 18