2. Samuelsbok 18:15-25 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

15. Og ti unge menn, våpensveinane åt Joab, kom bort til Absalom og gav han banehogg.

16. Då bles Joab i hornet, og folket heldt opp med å forfylgja israelittane; for Joab stagga dei.

17. Så tok dei Absalom og kasta han ned i ei djup hole i skogen og hauga opp ei stor steinrøys over han. Og alle israelittane rømde heim, kvar til sitt.

18. Medan Absalom levde, hadde han reist ein minnestein for seg. Det er den steinen som enno står i Kongsdalen. «For eg har ingen son som kan halda oppe minnet om namnet mitt,» sa han. Difor gav han steinen namn etter seg, og sidan har han vorte kalla «Absaloms minne» og heiter så den dag i dag.

19. Akima’as Sadoksson sa til Joab: «Lat meg få springa til kongen med den gode bodskapen at Herren har hjelpt han til hans rett og fria han frå fiendane.»

20. Men Joab svara: «Nei, i dag kan du ikkje bera gledebod. Ein annan gong kan du gå med gledebod, men ikkje i dag; for son til kongen er død.»

21. Så sa Joab til nubiaren: «Gå og fortel kongen det du har sett!» Nubiaren bøygde seg for Joab og sprang av stad.

22. Men Akima’as Sadoksson tok til ords att og sa til Joab: «Det får gå som det vil, men lat meg få springa av stad etter nubiaren!» Joab svara: «Kvifor vil du det, guten min? Dette er då ikkje noko gledebod som du kan venta løn for.»

23. Han sa: «Det får gå som det vil; eg spring av stad.» «Så spring då!» sa Joab. Så sprang Akima’as den vegen som går over Jordan-sletta og kom føre nubiaren.

24. Imedan sat David i portromet, og vaktmannen gjekk att og fram oppe på port-taket. Då han kom bort til muren og såg utover, fekk han auga på ein mann som kom springande åleine.

25. Vaktmannen ropa ned til kongen og sa frå om det. Då sa kongen: «Er han åleine, kjem han med god bodskap.» Mannen kom nærare og nærare.

2. Samuelsbok 18