2. Samuelsbok 17:1-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Sidan sa Akitofel til Absalom: «Lat meg få velja ut tolv tusen mann! Eg vil ta i veg og setja etter David i natt.

2. Så kjem eg over han medan han er trøytt og motlaus, og set støkk i han. Då kjem alle mennene som er med han, til å røma, og eg kan drepa kongen medan han er åleine.

3. Sidan fører eg heile hæren attende til deg som når ei brur vert ført til brudgomen sin. Det er då berre éin mann du vil ta livet av; folket elles får vera uskadt.»

4. Dette rådet lika dei godt, både Absalom og alle dei eldste i Israel.

5. Men så sa Absalom: «Send bod etter Husjai av Arak-ætta, så vi får høyra kva han òg har å seia.»

6. Då Husjai kom, fortalde Absalom kva Akitofel hadde sagt, og spurde: «Skal vi gjera som han seier eller ikkje? Sei kva du meiner!»

7. Husjai svara: «Det er ikkje noko godt råd Akitofel har gjeve denne gongen.»

8. Og han heldt fram: «Du veit at far din og mennene hans er djerve stridsmenn, og at dei rasar som ei binne i skogen når ein har teke ungane frå henne. Far din er ein gamal krigar; han legg seg ikkje til ro saman med mennene sine om natta.

9. No held han seg nok gøymd i ei hole eller einkvan annan staden. Går det så at nokon av mennene våre fell i fyrstninga, kjem alle som får høyra det, til å seia at det har vore eit stort mannefall mellom dei som fylgjer Absalom.

10. Og om det er aldri så djerv ein kar, med eit hjarta som ei løve, så misser han motet. For heile Israel veit at far din er ei kjempe, og at det er djerve menn, dei som er med han.

11. Difor er dette mitt råd: Lat heile Israel, frå Dan til Be’er-Sjeba, samla seg om deg, talrikt som sanden utmed havet. Og dra sjølv med dei i striden!

12. Når vi så råkar han einkvan staden der han held til, kastar vi oss over han som når dogga fell på marka. Vi skal ikkje spara ein einaste mann, korkje han sjølv eller nokon av dei som er med han.

2. Samuelsbok 17