2. Samuelsbok 16:7-18 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

7. Sjimi forbanna han og ropa: «Bort med deg! Bort med deg, din blodhund, ditt illmenne!

8. No tek Herren hemn over deg for alt blodet som har runne i ætta til Saul. Du tok kongedømet frå han, men Herren har gjeve det til Absalom, son din. No får du att for vondskapen, din blodhund!»

9. Då sa Abisjai Serujason til kongen: «Kvifor skal denne daude hunden forbanna deg, herre konge? Lat meg få gå bort og hogga hovudet av han.»

10. Men kongen svara: «Kva har de med dette å gjera, Seruja-søner? Når han forbannar, er det fordi Herren har sagt til han: Forbann David! Kven kan då spørja: Kvifor gjer du det?»

11. Så sa David til Abisjai og alle dei andre mennene sine: «De ser at min eigen son og etterkomar står meg etter livet. Kan ein då venta anna av denne benjaminitten? Lat han berre forbanna når Herren har sagt at han det skal.

12. Kanskje Herren ser til meg i mi naud og lèt meg få noko godt att i staden for den forbanninga som er lyst over meg i dag.»

13. Så heldt David og mennene hans fram etter vegen, medan Sjimi gjekk jamsides med han oppi åssida. Han forbanna David og kasta stein og jord etter han.

14. Kongen og alle som var med han, kom trøytte fram til Jordan, og dei kvilte seg der.

15. Imedan var Absalom komen til Jerusalem med heile flokken av israelittar. Akitofel var òg med.

16. Då no Davids ven, Husjai av Arak-ætta, kom til Absalom, ropa han mot han: «Leve kongen! Leve kongen!»

17. Absalom sa til Husjai: «Er det såleis du viser venen din truskap? Kvifor fylgde du ikkje venen din?»

18. Husjai svara: «Nei, den som Herren sjølv og dette folket og alle menn i Israel har valt, hans mann vil eg vera, og hjå han vil eg halda meg.

2. Samuelsbok 16