1. Då David var komen eit lite stykke frametter på hi sida av åsryggen, fekk han auga på Siba, som var tenestemann hjå Mefibosjet; han kom imot han med eit par kløvesel. På dei førte han to hundre brød, hundre rosinkaker, hundre stykke sommarfrukt og ei hit med vin.
2. Kongen sa til Siba: «Kva vil du med dette?» Siba svara: «Esla skal kongslyden ha til å ri på, brødet og frukta skal vera til mat for mennene, og vinen skal dei drikka, dei som går seg trøytte i øydemarka.»
3. Kongen spurde: «Men kvar er son til herren din?» Siba svara: «Han er framleis i Jerusalem. Han seier: I dag vil Israels-folket gje meg att kongedømet åt farfar min.»
4. Då sa kongen til Siba: «Alt det Mefibosjet eig, skal vera ditt.» Siba svara: «Eg bøyer meg djupt! Gjev du alltid må visa meg godvilje, herre konge!»
5. Då kong David nådde fram til Bakurim, kom det ein mann ut or byen. Mannen var i slekt med Saul. Han heitte Sjimi og var son til Gera. Som han kom, forbanna han David
6. og kasta stein både etter kongen og alle mennene hans, endå heile hæren og alle krigarane gjekk med han, somme på høgre og somme på venstre sida.
7. Sjimi forbanna han og ropa: «Bort med deg! Bort med deg, din blodhund, ditt illmenne!
8. No tek Herren hemn over deg for alt blodet som har runne i ætta til Saul. Du tok kongedømet frå han, men Herren har gjeve det til Absalom, son din. No får du att for vondskapen, din blodhund!»