2. Samuelsbok 15:20-31 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

20. Du kom i går, og så skulle eg alt i dag la deg flakka ikring saman med oss? Eg veit ikkje eingong kvar eg skal gjera av meg. Snu om, og ta landsmennene dine med deg attende. Gjev Herren må vera god og trufast mot dykk!»

21. Men Ittai svara: «Så sant Herren lever, og så sant du lever, herre konge: Der du er, herre konge, der vil eg òg vera, anten det ber til liv eller død.»

22. Då sa David til Ittai: «Gå framom du òg!» Så gjekk Ittai frå Gat framom med alle mennene sine og med alle kvinnene og borna som dei hadde med seg.

23. Alt folket gret høgt då hæren fór framom. Kongen stod nedmed Kedron-bekken, og hæren gjekk framom han langs vegen ut mot øydemarka.

24. Best det var, kom Sadok og alle levittane, som bar Guds paktkiste. Dei sette kista ned, og Abjatar bar fram offer til heile hæren hadde fare ut or byen.

25. Men kongen sa til Sadok: «Før Guds paktkiste attende til byen. Har Herren godvilje for meg, lèt han meg koma heim att, så eg får sjå både paktkista og staden der ho står.

26. Men seier han: Eg har ikkje hugnad i deg, då får han gjera med meg som han synest best.»

27. Så sa kongen til presten Sadok: «Skjønar du? Du og Abjatar skal roleg fara attende til byen, og Akima’as, son din, og Jonatan, son til Abjatar, skal vera med dykk.

28. Eg skal venta attmed vadestadene i øydemarka til det kjem melding frå dykk.»

29. Då førte Sadok og Abjatar Guds paktkiste attende til Jerusalem, og der vart dei verande.

30. Men David gjekk gråtande oppetter Oljeberget; han hadde drege kappa for andletet og var berrføtt. Alle som var med han, hadde sveipt til hovudet og gjekk gråtande oppetter.

31. David fekk høyra at Akitofel var mellom dei som hadde svore seg saman med Absalom, og han bad: «Herre, gjer Akitofels planar til inkjes!»

2. Samuelsbok 15