2. Samuelsbok 15:14-24 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

14. Då sa David til alle dei mennene han hadde hjå seg i Jerusalem: «Kom, lat oss røma! På annan måte kan vi ikkje berga oss for Absalom. Skunda dykk av stad! Elles skundar han seg og når oss att. Så fører han ulukke over oss og drep folket i byen med sverd.»

15. Kongsmennene svara: «Som du vil, herre konge! Vi er tenarane dine.»

16. Så tok kongen ut og alt husfolket hans med han. Berre ti fylgjekoner lét han vera att; dei skulle sjå etter huset.

17. Heile hæren fylgde kongen då han drog ut. Dei stogga ved det siste huset.

18. Alle kongsmennene stod attmed han medan livvakta og alle dei seks hundre mennene som hadde fylgt han frå Gat, gjekk framom.

19. Då sa kongen til Ittai frå Gat: «Kvifor går du òg med oss? Far attende og ver hjå den nye kongen! For du er framand her og endåtil bortført frå heimstaden din.

20. Du kom i går, og så skulle eg alt i dag la deg flakka ikring saman med oss? Eg veit ikkje eingong kvar eg skal gjera av meg. Snu om, og ta landsmennene dine med deg attende. Gjev Herren må vera god og trufast mot dykk!»

21. Men Ittai svara: «Så sant Herren lever, og så sant du lever, herre konge: Der du er, herre konge, der vil eg òg vera, anten det ber til liv eller død.»

22. Då sa David til Ittai: «Gå framom du òg!» Så gjekk Ittai frå Gat framom med alle mennene sine og med alle kvinnene og borna som dei hadde med seg.

23. Alt folket gret høgt då hæren fór framom. Kongen stod nedmed Kedron-bekken, og hæren gjekk framom han langs vegen ut mot øydemarka.

24. Best det var, kom Sadok og alle levittane, som bar Guds paktkiste. Dei sette kista ned, og Abjatar bar fram offer til heile hæren hadde fare ut or byen.

2. Samuelsbok 15