2. Samuelsbok 15:1-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Då det leid av ei tid, fekk Absalom seg vogn og hestar og ein flokk på femti mann som sprang føre han.

2. Om morgonen gjekk han ofte tidleg ut og stod attmed vegen til porten. Og kvar gong det kom ein mann som hadde ei sak han ville leggja fram for kongen og få dom i, kalla Absalom han til seg og spurde: «Kva by er du frå?» Når mannen så svara: Tenaren din er frå den eller hi av Israels-ættene,

3. sa Absalom til han: «Saka di er både god og rett, men hjå kongen finst det ingen som høyrer på deg.»

4. Og så sa han: «Gjev dei ville setja meg til domar i landet! Då kunne alle som hadde ei trette eller sak, koma til meg, og eg skulle hjelpa dei til å få sin rett.»

5. Når nokon kom bort og ville kasta seg ned for han, rette han ut handa, reiste han opp og kyste han.

6. Så gjorde Absalom med alle israelittar som kom til kongen og ville få dom i ei sak, og på den måten stal han hjarta åt Israels-mennene.

7. Då fire år var lidne, sa Absalom til kongen: «Lat meg få fara til Hebron og gjera det eg har lova Herren!

8. For då eg budde i Gesjur i Aram, gav eg denne lovnaden: Lèt Herren meg få koma heim att til Jerusalem, vil eg ofra til han.»

9. Kongen svara: «Far i fred!» Så gjorde Absalom seg ferdig og fór til Hebron.

10. Samstundes sende han i løynd folk rundt til alle Israels-ættene med det bodet: «Når de høyrer hornet ljoma, skal de ropa: Absalom har vorte konge i Hebron!»

11. Saman med Absalom drog det to hundre mann som var bedne med frå Jerusalem. Dei fylgde med i god tru og visste ikkje om noko.

12. Medan Absalom bar fram slaktoffera, sende han bod etter Akitofel frå Gilo, rådgjevaren til David, som då var heime i Gilo, fedrebyen sin. Samansverjinga auka i styrke, og det samla seg meir og meir folk om Absalom.

2. Samuelsbok 15