1. Då Joab Serujason skjøna at kongen lengta etter Absalom,
2. sende han bod etter ei klok kone som budde i Tekoa, og sa til henne: «Lat som om du har sorg! Kled deg i syrgjebunad, og salva deg ikkje med olje! Ber deg åt som ei kvinne når ho i lang tid syrgjer over ein som er død.
3. Gå så til kongen og sei dette til han!» Så fortalde Joab henne kva ho skulle seia.
4. Kona frå Tekoa gjekk til kongen, kasta seg ned for han med andletet mot jorda og sa: «Hjelp, konge!»
5. «Kva er i vegen med deg?» spurde kongen.Ho svara: «Å! Eg er enkje. Mannen min er død.
6. Tenestkvinna di hadde to søner. Dei kom i trette med kvarandre utpå marka, og det var ingen som kunne skilja dei åt. Då slo den eine til den andre og drap han.
7. Og no har heile ætta reist seg mot tenestkvinna di og seier: Kom hit med han som drap bror sin! Vi vil ta livet av han fordi han slo bror sin i hel; så får vi med det same rudt arvingen or vegen. – Såleis kjem dei til å sløkkja den siste gneisten eg har att; dei unner mannen min korkje namn eller etterkomarar på jorda.»
8. Då sa kongen til kvinna: «Gå heim att! Eg skal ta meg av dette.»
9. Men kona frå Tekoa svara: «Eg og mi ætt skal bera skulda, herre konge. Kongen og kongsstolen skal vera skuldfrie.»
10. Kongen sa: «Er det nokon som trugar deg, så før han hit! Han skal ikkje plaga deg meir.»