2. Samuelsbok 13:4-20 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

4. Ein dag sa han til Amnon: «Korleis har det seg, kongsson, at du ser så sturen ut kvar einaste morgon? Vil du ikkje seia meg det?» Amnon svara: «Eg elskar Tamar, syster til Absalom, bror min.»

5. Då sa Jonadab til han: «Legg deg sjuk og hald senga! Og når far din kjem og vil sjå om deg, skal du seia til han: Kjære, lat Tamar, syster mi, koma og gje meg mat! Ho kan laga han til her medan eg ser på, så eg får han av hennar hand.»

6. Så gjekk Amnon til sengs og lest vera sjuk. Då kongen kom og såg til han, sa Amnon: «Kjære, lat Tamar, syster mi, koma og laga eit par hjartekaker medan eg ser på, så kan eg få dei straks ho er ferdig med dei.»

7. Då sende David bod inn i slottet til Tamar: «Gå heim til Amnon, bror din, og stell til mat åt han!»

8. Og Tamar gjekk heim til Amnon, bror sin, der han låg til sengs. Ho tok deig, knadde han og stelte til kakene medan Amnon såg på, og steikte dei.

9. Så tok ho panna og tømde dei ut framfor han; men han ville ikkje eta. Han bad alle gå ut. Og då dei hadde gått,

10. sa han til Tamar: «Kom hit inn i kammeret med maten, så eg kan ta imot han av di hand.» Tamar tok kakene ho hadde laga, og bar dei inn i romet til Amnon, bror sin.

11. Men då ho rette dei til han og bad han eta, tok han fatt i henne og sa: «Kom og ligg med meg, syster!»

12. Men ho svara: «Nei, bror! Før ikkje vanære over meg! Såvore gjer ein ikkje i Israel. Gjer ikkje eit slikt skjemdarverk!

13. Kvar skulle eg då gjera av meg med skamma mi? Og deg kom dei til å halda for ein av dei verste skarvane i Israel. Tal heller med kongen! Han seier nok ikkje nei til at du får meg.»

14. Men han ville ikkje høyra på henne; han tok henne med makt og låg med henne.

15. Men etterpå fekk Amnon eit brennande hat til henne. Han hata henne meir enn han før hadde elska henne. Og han sa til henne: «Reis deg og gå din veg!»

16. Ho svara: «Nei bror! Sender du meg bort, vil det vera ei endå større ugjerning enn den fyrste du gjorde mot meg.» Men han ville ikkje høyra på henne.

17. Han ropa på tenaren som stelte for han, og sa: «Få denne kvinna ut or huset, og steng døra etter henne!»

18. Tamar hadde på seg ein sid kjole med lange ermar, for i slike kjolar gjekk kongsdøtrene kledde så lenge dei ikkje var gifte. Tenaren viste henne ut or huset og stengde døra etter henne.

19. Tamar strøydde støv på hovudet, reiv sund den side kjolen ho hadde på seg, og med handa på hovudet gjekk ho skrikande bort.

20. Då sa Absalom, bror hennar, til henne: «Har Amnon, bror din, vore saman med deg? Tei no stilt, syster, han er bror din. Ta deg ikkje nær av dette!» Så vart Tamar sitjande einsam og sorgfull heime hjå Absalom, bror sin.

2. Samuelsbok 13