2. Samuelsbok 13:34-39 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

34. Imedan hadde Absalom rømt.Då vaktmannen såg opp, fekk han auga på ei mengd med folk som kom farande på vegen bak han, langsmed fjellet.

35. Då sa Jonadab til kongen: «Sjå, der kjem kongssønene! Det gjekk som tenaren din sa.»

36. Ikkje før hadde han sagt det, så kom kongssønene. Dei gret høgt, og kongen og alle mennene hans sette i og gret og klaga.

37. Imedan kom Absalom seg unna og fór til Talmai Ammihursson, kongen i Gesjur. Og David syrgde over son sin heile tida.

38. Absalom rømde og fór til Gesjur. Der vart han verande i tre år.

39. Etter kvart heldt kongen opp å bera agg til Absalom. For han var komen over sorga etter Amnon.

2. Samuelsbok 13