21. Då David fekk høyra om dette, vart han brennande harm.
22. Sidan sa Absalom aldri eit ord til Amnon, korkje godt eller vondt. Han bar hat til Amnon fordi han hadde ført vanære over Tamar, syster hans.
23. To år etter hadde Absalom saueklypping i Ba’al-Hasor, som ligg ved Efraim, og han bad alle kongssønene til seg.
24. Fyrst gjekk han til kongen og sa: «No skal tenaren din klyppa sauene. Vil ikkje du, konge, og mennene dine gjera så vel og vera med?»
25. Men kongen svara: «Nei, son min; vi vil ikkje koma alle. Vi kunne vera til bry for deg.» Absalom talde for han, men kongen ville ikkje koma og bad farvel med han.
26. Då sa Absalom: «Men om ikkje du vil, så lat då Amnon, bror min, få vera med!» Kongen spurde: «Kvifor skal han vera med?»
27. Men Absalom nøydde han til han lét både Amnon og alle dei andre kongssønene få vera med han.
28. Og han sa til mennene sine: «Pass på når Amnon har vorte fjåg av vinen. Då vil eg seia til dykk: Hogg Amnon ned! Så skal de drepa han. De treng ikkje reddast. Det er eg som har gjeve dette påbodet. Ver modige og syn at de er djerve karar!»
29. Mennene gjorde med Amnon som Absalom hadde sagt. Då spratt alle dei andre kongssønene opp, kasta seg på muldyra sine og rømde.
30. Medan dei endå var på vegen, nådde det ordet til David at Absalom hadde hogge ned alle kongssønene, og at ikkje ein av dei var att.
31. Då reiste kongen seg, reiv sund kleda sine og kasta seg ned på jorda. Og alle mennene hans stod der med sundrivne klede.
32. Men Jonadab, son til Sjima og brorson til David, tok til ords og sa: «Du må ikkje tru at dei har drepe alle dei unge kongssønene, herre. Det er berre Amnon som har mist livet. For det har etter Absaloms eigne ord vore avgjort heilt frå den dagen han førte vanære over Tamar, syster hans.
33. Så bry deg ikkje om det når dei seier at alle kongssønene har mist livet. For det er berre Amnon som er død.»
34. Imedan hadde Absalom rømt.Då vaktmannen såg opp, fekk han auga på ei mengd med folk som kom farande på vegen bak han, langsmed fjellet.
35. Då sa Jonadab til kongen: «Sjå, der kjem kongssønene! Det gjekk som tenaren din sa.»
36. Ikkje før hadde han sagt det, så kom kongssønene. Dei gret høgt, og kongen og alle mennene hans sette i og gret og klaga.
37. Imedan kom Absalom seg unna og fór til Talmai Ammihursson, kongen i Gesjur. Og David syrgde over son sin heile tida.
38. Absalom rømde og fór til Gesjur. Der vart han verande i tre år.