2. Samuelsbok 13:12-29 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

12. Men ho svara: «Nei, bror! Før ikkje vanære over meg! Såvore gjer ein ikkje i Israel. Gjer ikkje eit slikt skjemdarverk!

13. Kvar skulle eg då gjera av meg med skamma mi? Og deg kom dei til å halda for ein av dei verste skarvane i Israel. Tal heller med kongen! Han seier nok ikkje nei til at du får meg.»

14. Men han ville ikkje høyra på henne; han tok henne med makt og låg med henne.

15. Men etterpå fekk Amnon eit brennande hat til henne. Han hata henne meir enn han før hadde elska henne. Og han sa til henne: «Reis deg og gå din veg!»

16. Ho svara: «Nei bror! Sender du meg bort, vil det vera ei endå større ugjerning enn den fyrste du gjorde mot meg.» Men han ville ikkje høyra på henne.

17. Han ropa på tenaren som stelte for han, og sa: «Få denne kvinna ut or huset, og steng døra etter henne!»

18. Tamar hadde på seg ein sid kjole med lange ermar, for i slike kjolar gjekk kongsdøtrene kledde så lenge dei ikkje var gifte. Tenaren viste henne ut or huset og stengde døra etter henne.

19. Tamar strøydde støv på hovudet, reiv sund den side kjolen ho hadde på seg, og med handa på hovudet gjekk ho skrikande bort.

20. Då sa Absalom, bror hennar, til henne: «Har Amnon, bror din, vore saman med deg? Tei no stilt, syster, han er bror din. Ta deg ikkje nær av dette!» Så vart Tamar sitjande einsam og sorgfull heime hjå Absalom, bror sin.

21. Då David fekk høyra om dette, vart han brennande harm.

22. Sidan sa Absalom aldri eit ord til Amnon, korkje godt eller vondt. Han bar hat til Amnon fordi han hadde ført vanære over Tamar, syster hans.

23. To år etter hadde Absalom saueklypping i Ba’al-Hasor, som ligg ved Efraim, og han bad alle kongssønene til seg.

24. Fyrst gjekk han til kongen og sa: «No skal tenaren din klyppa sauene. Vil ikkje du, konge, og mennene dine gjera så vel og vera med?»

25. Men kongen svara: «Nei, son min; vi vil ikkje koma alle. Vi kunne vera til bry for deg.» Absalom talde for han, men kongen ville ikkje koma og bad farvel med han.

26. Då sa Absalom: «Men om ikkje du vil, så lat då Amnon, bror min, få vera med!» Kongen spurde: «Kvifor skal han vera med?»

27. Men Absalom nøydde han til han lét både Amnon og alle dei andre kongssønene få vera med han.

28. Og han sa til mennene sine: «Pass på når Amnon har vorte fjåg av vinen. Då vil eg seia til dykk: Hogg Amnon ned! Så skal de drepa han. De treng ikkje reddast. Det er eg som har gjeve dette påbodet. Ver modige og syn at de er djerve karar!»

29. Mennene gjorde med Amnon som Absalom hadde sagt. Då spratt alle dei andre kongssønene opp, kasta seg på muldyra sine og rømde.

2. Samuelsbok 13