19. Men David såg at mennene kviskra seg imellom, og han skjøna at guten var død. Så spurde han: «Er guten død?» Dei svara: «Ja, han er død.»
20. Då reiste David seg opp frå golvet, vaska og salva seg og skifte klede. Så gjekk han inn i Herrens hus, bøygde seg og tilbad. Då han kom heim att, bad han om mat. Det sette dei fram, og han åt.
21. Mennene hans sa til han: «Korleis er det du ber deg åt? Medan guten endå levde, fasta og gret du. Men no, når han er død, står du opp og et.»
22. Han svara: «Så lenge guten levde, fasta eg og gret. For eg tenkte med meg: Kven veit om ikkje Herren miskunnar seg over meg og lèt guten leva?
23. Men kvifor skulle eg fasta no når han er død? Kan eg vel henta han attende? Eg må ein gong fara dit han er, men han kjem aldri att til meg.»
24. David trøysta Batseba, kona si. Sidan gjekk han inn til henne og låg med henne, og ho fekk ein son som ho kalla Salomo. Herren heldt av han
25. og sende bod med profeten Natan. Han kalla guten Jedidja for Herrens skuld.
26. Imedan gjekk Joab til åtak på Rabba i Ammon og tok Kongsbyen.
27. Så sende han bod til David og sa: «Eg har gjort åtak på Rabba og har teke Vassbyen.
28. Kall saman resten av folket, kringset byen og ta han! Elles kjem eg til å ta byen, og det er eg som får æra.»
29. Då samla David heile hæren og fór til Rabba. Han gjekk mot byen og tok han.
30. Han tok krona av hovudet på kongen deira. Ho var av gull og vog ein talent; og ho var prydd med ein edelstein. No kom ho på Davids hovud. Han tok stort hærfang i byen og førte det med seg.
31. Folket som budde der, førte han bort. Han sette dei til å arbeida med sager, jernhakker og jernøksar og lét dei træla ved teglomnane. Såleis gjorde David med alle ammonittbyane. Så fór han heim att til Jerusalem med heile hæren.