2. Samuelsbok 1:12-20 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

12. Og dei heldt syrgjehøgtid over Saul og Jonatan, son hans, og over Herrens folk og Israels ætt, fordi dei var falne i slaget. Dei gret og fasta heilt til kvelden.

13. Så spurde David guten som hadde fortalt han dette: «Kvar er du frå?» Han svara: «Eg er son til ein innflyttar, ein amalekitt.»

14. Då sa David til han: «Korleis kunne du våga å leggja hand på Herrens salvevigde og drepa han?»

15. Og David ropa på ein av mennene sine og sa: «Kom hit og hogg han ned!» Mannen slo han i hel,

16. og David sa: «Du er sjølv skuld i din død. Din eigen munn vitna mot deg då du sa: Eg har drepe Herrens salvevigde.»

17. David kvad ein klagesong over Saul og Jonatan, son hans.

18. Og han sa at Juda-folket skulle læra denne songen, som vert kalla «Bogen». Han er oppskriven i «Boka åt den rettvise» og lyder:

19. No ligg din prydnad, Israel,drepen på dine haugar.Å, at krigarane er falne!

20. Fortel det ikkje i Gat,kunngjer det ikkje ¬på Asjkalons gater!Då ville filistarkvinnene ¬gleda seg,døtrene til dei uomskorne jubla.

2. Samuelsbok 1