12. Og dei heldt syrgjehøgtid over Saul og Jonatan, son hans, og over Herrens folk og Israels ætt, fordi dei var falne i slaget. Dei gret og fasta heilt til kvelden.
13. Så spurde David guten som hadde fortalt han dette: «Kvar er du frå?» Han svara: «Eg er son til ein innflyttar, ein amalekitt.»
14. Då sa David til han: «Korleis kunne du våga å leggja hand på Herrens salvevigde og drepa han?»
15. Og David ropa på ein av mennene sine og sa: «Kom hit og hogg han ned!» Mannen slo han i hel,
16. og David sa: «Du er sjølv skuld i din død. Din eigen munn vitna mot deg då du sa: Eg har drepe Herrens salvevigde.»