11. Når no alt dette skal gå i oppløysing, kor heilagt og gudfryktig må de ikkje då leva,
12. medan de ventar på at Guds dag skal koma, og skundar han fram. Då skal himlane øydast i eld og elementa brenna og bråna.
13. Men vi ser fram til det han har lova: ein ny himmel og ei ny jord, der rettferd bur.
14. Difor, mine kjære: Sidan de ventar på dette, må de leggja vinn på å verta ståande for han med fred, utan flekk og lyte.
15. Og når Herren i sitt langmod dryer med å koma, skal de sjå det som eit høve til frelse. Det same har vår kjære bror Paulus skrive til dykk, ut frå den visdom han har fått.
16. Om dette talar han i alle dei brev der han kjem inn på desse spørsmåla. Det er nok somt der som er vanskeleg å skjøna, og dei ukunnige og ustøe vrir på det; det same gjer dei òg med dei andre skriftene, og det fører til deira eigen undergang.
17. No veit de dette på førehand, mine kjære. Ta dykk difor i vare, så de ikkje fell ut or dykkar faste stand. Lat dykk ikkje riva med og føra vilt av menneske som ikkje har noko å halda seg til.