2. Peter 1:5-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

5. Gjer difor alt de kan så trua viser seg i eit rett liv, og det rette livet i skjøn,

6. skjønet i sjølvtøyming, sjølvtøyminga i tolmod, tolmodet i kristen livsferd,

7. den kristne livsferda i brorskap og brorskapen i kjærleik.

8. For når alt dette finst hjå dykk og får veksa, då vert de ikkje yrkeslause eller utan frukt i kunnskapen om vår Herre Jesus Kristus.

9. Men den som ikkje har dette, han er nærsynt, ja, blind; han har gløymt at han er reinsa for sine førre synder.

10. Difor, brør, må de setja endå meir inn på å gjera dykkar kall og utveljing fast. For gjer de dette, skal de aldri falla.

11. Då skal de få ein fri og open inngang i vår Herre og frelsar Jesu Kristi evige rike.

12. Difor vil eg alltid minna dykk om dette, endå de kjenner til det og er grunnfeste i den sanninga som har kome til dykk.

13. Eg meiner at det er rett å halda dykk vakne med slike påminningar, så lenge eg er i denne lekams telt.

14. For eg veit at det snart skal leggjast bort; det har vår Herre Jesus Kristus late meg vita.

15. Og det er om å gjera for meg at de alltid skal minnast dette, når eg er borte.

2. Peter 1