11. Froskane skal kverva bort frå deg og husa dine og tenarane dine og folket ditt. Berre i Nilen skal dei finnast.»
12. Så gjekk Moses og Aron ut frå farao. Og Moses ropa til Herren for froskane skuld som han hadde ført over farao.
13. Herren gjorde som Moses bad, og froskane døydde i hus og tun og ute på markene.
14. Dei vart kasta saman i haugar, og teven kjendest over heile landet.
15. Men då farao såg at det hadde letna, gjorde han seg hard og ville ikkje høyra på dei. Det gjekk som Herren hadde sagt.
16. Då sa Herren til Moses: «Sei til Aron: Rett ut staven din og slå i støvet på jorda, så skal det verta til mygg i heile Egypt!»
17. Dei så gjorde. Aron rette ut handa med staven og slo i støvet på jorda. Då kom det mygg både på menneske og dyr. I heile Egypt vart alt støvet på jorda til mygg.
18. Spåmennene prøvde det same med kunstene sine; dei ville få fram mygg, men greidde det ikkje. Og myggen vart sitjande på menneske og dyr.
19. Då sa spåmennene til farao: «Dette er Guds finger.» Men farao gjorde seg hard og høyrde ikkje på dei. Det gjekk som Herren hadde sagt.
20. Då sa Herren til Moses: «Stig fram for farao i morgon tidleg når han går ned til elva, og sei til han: Så seier Herren: Lat folket mitt fara, så dei kan tena meg!