2. Mosebok 7:5-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

5. Egyptarane skal få kjenna at eg er Herren, når eg retter handa ut over Egypt og fører israelittane bort frå dei.»

6. Moses og Aron gjorde som Herren hadde sagt.

7. Moses var åtti og Aron åttitre år gamal då dei tala med farao.

8. Herren sa til Moses og Aron:

9. «Når farao bed dykk gjera eit under, då skal du seia til Aron: Ta staven din og kast han ned framfor farao, så skal han verta til ein orm!»

10. Så gjekk Moses og Aron fram for farao og gjorde som Herren hadde sagt. Aron kasta staven sin ned framfor farao og mennene hans, og staven vart til ein orm.

11. Då sende farao bod etter vismennene og trollmennene, og så gjorde dei egyptiske spåmennene det same med kunstene sine.

12. Alle kasta dei stavane sine, og dei vart til ormar. Men staven åt Aron slukte stavane deira.

2. Mosebok 7