18. Gå no og arbeid! Halm får de ikkje, men mursteinen skal de koma med, det fastsette talet.»
19. Arbeidsformennene skjøna at dei var ille farne då det vart sagt: «De får ikkje avslag i talet på murstein – fullt dagsverk kvar dag!»
20. Då dei kom ut frå farao, møtte dei Moses og Aron, som stod og venta på dei.
21. Dei sa til dei: «Gjev Herren må retta augo mot dykk og døma dykk fordi de har gjort farao og tenarane hans hatige på oss. De har gjeve dei sverd i hand til å drepa oss med.»
22. Då vende Moses seg atter til Herren og sa: «Herre, kvifor har du fare så ille med dette folket? Kvifor har du sendt meg?
23. Frå den stund eg gjekk fram for farao og tala i ditt namn, har han gjort vondt mot dette folket, og du har ikkje hjelpt folket ditt.»