2. Mosebok 5:12-22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

12. Då spreidde folket seg ut over heile Egypt og sanka halmstrå til å ha i leira.

13. Men futane dreiv dei og sa: «Gjer arbeidet dykkar ferdig, fullt dagsverk kvar dag, som då de fekk halm!»

14. Og arbeidsformennene som futane åt farao hadde sett over israelittane, fekk hogg. Futane sa til dei: «Kvifor har de korkje i går eller i dag gjort ferdig så mykje murstein som de skulle, som før?»

15. Då gjekk arbeidsformennene og klaga til farao og sa: «Kvifor fer du såleis med tenarane dine?

16. Vi får ikkje halm, og likevel seier dei at vi skal laga murstein. Og så får vi hogg, endå det er dine folk som har skulda.»

17. Men farao sa: «Late er de, late! Difor seier de: Vi vil av og ofra til Herren.

18. Gå no og arbeid! Halm får de ikkje, men mursteinen skal de koma med, det fastsette talet.»

19. Arbeidsformennene skjøna at dei var ille farne då det vart sagt: «De får ikkje avslag i talet på murstein – fullt dagsverk kvar dag!»

20. Då dei kom ut frå farao, møtte dei Moses og Aron, som stod og venta på dei.

21. Dei sa til dei: «Gjev Herren må retta augo mot dykk og døma dykk fordi de har gjort farao og tenarane hans hatige på oss. De har gjeve dei sverd i hand til å drepa oss med.»

22. Då vende Moses seg atter til Herren og sa: «Herre, kvifor har du fare så ille med dette folket? Kvifor har du sendt meg?

2. Mosebok 5