30. Dei laga panneplata, det heilage diademet, av reint gull. I den grov dei inn som i eit signet: «Helga til Herren».
31. Dei sette ei snor av fiolett ull i plata og feste henne oppe på hua, så som Herren hadde sagt Moses føre.
32. Såleis vart det fullført, alt arbeidet med den heilage bustaden, med møteteltet. Israelittane gjorde det i eitt og alt så som Herren hadde sagt Moses føre.
33. Og dei gav heilagdomen over til Moses: teltet med alt som høyrde til, krokane, plankane, tverrstengene, stolpane, fotstykka,
34. dekket av raudleta verskinn, dekket av delfinskinn, forhengsteppet,
35. lovkista med stengene, soningsstaden,
36. bordet med alt som høyrde til, skodebrøda,
37. ljosestaken av reint gull med lamper som skulle setjast i rad, og alt som høyrde til, oljen til ljosestaken,
38. det gullkledde altaret, salvingsoljen, den velluktande røykjelsen, teppet til teltdøra,