1. Brennofferaltaret laga han av akasietre. Det var fem alner langt, fem alner breitt, firkanta og tre alner høgt.
2. På kvart av dei fire hjørna laga han eit horn, og horna gjekk i eitt med altaret. Han kledde det med bronse.
3. Så laga han alle dei reiskapane som høyrde altaret til, fata, eldskuflene, offerskålene, kjøtgaflane og glopannene. Alle desse reiskapane laga han av bronse.
4. Han laga òg eit fletta gitter av bronse til altaret og sette det nedst, under altarlista, så det nådde midt opp på altaret.
5. Og han støypte fire ringar til dei fire hjørna av bronsegitteret til å smøya stenger inn i.
6. Stengene laga han av akasietre og kledde dei med bronse.
7. Han smøygde dei inn i ringane på sidene av altaret, så det kunne berast. Altaret laga han av bord, og det var holt.