6. Moses baud då at det skulle ropast ut i leiren: «Ingen, anten det er mann eller kvinne, skal koma med fleire gåver til arbeidet på heilagdomen.» Då kom ikkje folket med meir.
7. Det dei hadde gjeve, var meir enn nok til å få arbeidet gjort.
8. Alle handverkarane tok til å arbeida på heilagdomen. Dei laga han av ti teltdukar av fint, tvinna lingarn og fiolett, purpurraud og karmosinraud ull. I dukane var det innvove kjerubar i kunstvevnad.
9. Kvar duk var tjueåtte alner lang og fire alner brei. Alle dukane heldt same målet.
10. Fem av dukane skøytte dei i hop, den eine med den andre, og like eins dei andre fem dukane.