32. fem til plankane på den andre sida og fem til plankane på baksida av heilagdomen, mot vest.
33. Midtstonga sette dei såleis at ho gjekk tvert over, frå ende til ende, midt på plankeveggen.
34. Plankane kledde dei med gull, og ringane på dei, som tverrstengene skulle smøyast inn i, laga dei av gull. Tverrstengene kledde dei òg med gull.
35. Dei laga eit forheng av fiolett, purpurraud og karmosinraud ull og fint, tvinna lingarn. I forhenget vov dei inn kjerubar i kunstvevnad.
36. Dei laga fire akasiestolpar til å hengja det på og kledde dei med gull; hakane på dei var av gull. Og dei støypte fire fotstykke av sølv til dei.