19. Sidan laga dei eit dekke av raudleta verskinn til å leggja over telttaket og eit dekke av delfinskinn til å leggja ovanpå det att.
20. Plankane til heilagdomen laga dei av akasietre. Dei reiste dei på ende.
21. Kvar planke var ti alner lang og halvanna alen brei.
22. På kvar planke var det to tappar med ei tverrlist imellom. Såleis laga dei alle plankane i heilagdomen.
23. Tjue av dei plankane som vart laga til heilagdomen, reiste dei på den sida som vender mot sør.
24. Til dei tjue plankane laga dei førti fotstykke av sølv, to fotstykke under kvar planke, så dei to tappane kunne festast i dei.
25. På den andre sida av heilagdomen, på nordsida, laga dei òg tjue plankar
26. med førti fotstykke av sølv, to fotstykke under kvar planke.
27. Til baksida av heilagdomen, mot vest, laga dei seks plankar.
28. Og til kvart hjørne på same sida laga dei to plankar.
29. Dei var doble nedst, og like eins øvst, ned til den fyrste ringen. Såleis laga dei plankane i dei to hjørna.
30. Det vart åtte plankar med fotstykke av sølv, seksten fotstykke, to til kvar planke.
31. Dei laga tverrstenger av akasietre, fem til plankane på den eine sida av heilagdomen,
32. fem til plankane på den andre sida og fem til plankane på baksida av heilagdomen, mot vest.
33. Midtstonga sette dei såleis at ho gjekk tvert over, frå ende til ende, midt på plankeveggen.
34. Plankane kledde dei med gull, og ringane på dei, som tverrstengene skulle smøyast inn i, laga dei av gull. Tverrstengene kledde dei òg med gull.
35. Dei laga eit forheng av fiolett, purpurraud og karmosinraud ull og fint, tvinna lingarn. I forhenget vov dei inn kjerubar i kunstvevnad.
36. Dei laga fire akasiestolpar til å hengja det på og kledde dei med gull; hakane på dei var av gull. Og dei støypte fire fotstykke av sølv til dei.