1. Dei som skal gjera arbeidet, er Besalel og Oholiab og alle dei menn som har givnad for det, som Herren har gjeve evner og skjøn, så dei forstår seg på alt det arbeidet som må til når heilagdomen skal reisast, heilt og fullt som Herren har sagt.
2. Moses kalla Besalel og Oholiab og alle dei andre mennene som Herren hadde gjeve slike evner, og som kjende seg drivne til det, til å ta fatt på verket og fullføra det.
3. Av Moses fekk dei alle dei gåvene som israelittane hadde gjeve til arbeidet med å reisa og fullføra heilagdomen. Men folket kom framleis til han med friviljuge gåver kvar morgon.
4. Då kom alle handverkarane som gjorde ymse slag arbeid på heilagdomen, kvar frå det arbeidet han heldt på med,
5. og sa til Moses: «Folket kjem med meir enn vi treng til det arbeidet Herren vil ha gjort.»
6. Moses baud då at det skulle ropast ut i leiren: «Ingen, anten det er mann eller kvinne, skal koma med fleire gåver til arbeidet på heilagdomen.» Då kom ikkje folket med meir.
7. Det dei hadde gjeve, var meir enn nok til å få arbeidet gjort.