2. Mosebok 34:7-27 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

7. Han lèt si miskunn vara i tusen ættleder; han tilgjev synd og skuld og brot. Men han lèt ikkje den skuldige sleppa straff. Han lèt straffa for synda åt fedrane koma over born og barneborn i tredje og fjerde ættleden.»

8. Då fall Moses straks på kne, bøygde seg til jorda og tilbad.

9. Og han sa: «Herre, dersom du har godvilje for meg, så gå med oss, Herre! Dette er eit stridlyndt folk. Men du vil tilgje misgjerningane og syndene våre og gjera oss til din eigedom.»

10. Då sa Herren: Ja, eg vil gjera ei pakt. Midt for augo på heile folket ditt vil eg gjera slike under som det ikkje har vore maken til på heile jorda eller hjå noko folkeslag. Heile det folket du lever imellom, skal sjå kor ageleg det er, det verket som eg, Herren, gjer for deg.

11. Gjev akt på det eg byd deg i dag! Sjå, eg vil driva ut for deg amorittane, kanaanearane, hetittane, perisittane, hevittane og jebusittane.

12. Ta deg i vare så du ikkje gjer pakt med dei som bur i det landet du kjem til, så dei ikkje skal verta ei snare for dykk.

13. De skal riva ned altara deira, slå sund steinstøttene deira og hogga ned Asjera-pålane deira.

14. Du skal ikkje tilbe nokon annan gud, for Herren heiter Den Strenge, og ein streng Gud er han.

15. Gjer ikkje pakt med dei som bur i landet! For dei driv avgudsdyrking og ofrar til gudane sine, og når dei bed deg til seg, kjem du til å eta av offera deira.

16. Du vil ta koner til sønene dine mellom døtrene deira, og døtrene deira vil halda seg til gudane sine og få sønene dine til å falla frå og dyrka gudane deira.

17. Støypte gudebilete skal du ikkje laga deg.

18. Usyrdebrødshelga skal du halda. Sju dagar skal du eta usyrt brød, som eg har sagt deg, til fastsett tid, i abib månad. For i abib månad tok du ut frå Egypt.

19. Alt som kjem fyrst frå mors liv, høyrer meg til, alt det fyrste som vert født i buskapen din, og som er av hankjønn, anten det er storfe eller småfe.

20. Det fyrste følet som eselet får, skal du løysa med eit lam eller kje. Løyser du det ikkje, skal du bryta nakken på det. Kvart fyrstefødt gutebarn i ætta di skal du løysa. Ingen må visa seg tomhendt for mitt åsyn.

21. Seks dagar skal du arbeida, men den sjuande dagen skal du kvila. Om det så er i våronna eller haustonna, skal du kvila den dagen.

22. Sjuvekehelga skal du halda når du tek inn den fyrste grøda av kveitehausten, og hausthelga når året er ute.

23. Tre gonger om året skal alle mennene dine stiga fram for Herren, Israels Gud.

24. For eg vil driva ut dei andre folka for deg og gjera grensene dine vide, og ingen skal trå etter landet ditt medan du fer opp og stig fram for Herren din Gud, tre gonger om året.

25. Du skal ikkje bera fram blodet av slaktofferet mitt saman med syrt brød, og påskefestofferet må ikkje verta liggjande til om morgonen.

26. Det beste av den fyrste grøda på jorda di skal du bera til huset åt Herren din Gud. Du skal ikkje koka eit kje i mjølka åt mor si.

27. Herren sa til Moses: «Skriv opp desse boda! For etter dei gjer eg ei pakt med deg og Israel.»

2. Mosebok 34