2. Mosebok 34:30-35 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

30. Aron og israelittane såg at det skein av andletet hans, og dei torde ikkje gå bort til han.

31. Då ropa Moses på dei, og så kom Aron og alle leiarane i Israels-lyden til han, og han tala med dei.

32. Sidan kom alle israelittane bortåt, og Moses bar fram alle dei bod Herren hadde gjeve han på Sinai-fjellet.

33. Då Moses var ferdig med å tala til dei, la han eit slør over andletet sitt.

34. Men kvar gong han gjekk fram for Herren og tala med han, tok han sløret bort til han skulle ut att. Og når han kom ut, tala han til israelittane det han var føresagd.

35. Då såg israelittane korleis det stråla av andletet hans, og Moses hadde sløret for andletet att, til dess han skulle inn og tala med Herren.

2. Mosebok 34