24. For eg vil driva ut dei andre folka for deg og gjera grensene dine vide, og ingen skal trå etter landet ditt medan du fer opp og stig fram for Herren din Gud, tre gonger om året.
25. Du skal ikkje bera fram blodet av slaktofferet mitt saman med syrt brød, og påskefestofferet må ikkje verta liggjande til om morgonen.
26. Det beste av den fyrste grøda på jorda di skal du bera til huset åt Herren din Gud. Du skal ikkje koka eit kje i mjølka åt mor si.
27. Herren sa til Moses: «Skriv opp desse boda! For etter dei gjer eg ei pakt med deg og Israel.»
28. Moses var hjå Herren i førti dagar og førti netter, og han smaka korkje mat eller drikke. Og Herren skreiv paktorda, dei ti boda, på tavlene.
29. Så gjekk Moses ned av Sinai-fjellet med dei to lovtavlene i handa. Då han kom ned, stråla og skein det av andletet hans, av di Herren hadde tala med han; men sjølv visste han det ikkje.
30. Aron og israelittane såg at det skein av andletet hans, og dei torde ikkje gå bort til han.
31. Då ropa Moses på dei, og så kom Aron og alle leiarane i Israels-lyden til han, og han tala med dei.
32. Sidan kom alle israelittane bortåt, og Moses bar fram alle dei bod Herren hadde gjeve han på Sinai-fjellet.