11. Gjev akt på det eg byd deg i dag! Sjå, eg vil driva ut for deg amorittane, kanaanearane, hetittane, perisittane, hevittane og jebusittane.
12. Ta deg i vare så du ikkje gjer pakt med dei som bur i det landet du kjem til, så dei ikkje skal verta ei snare for dykk.
13. De skal riva ned altara deira, slå sund steinstøttene deira og hogga ned Asjera-pålane deira.
14. Du skal ikkje tilbe nokon annan gud, for Herren heiter Den Strenge, og ein streng Gud er han.
15. Gjer ikkje pakt med dei som bur i landet! For dei driv avgudsdyrking og ofrar til gudane sine, og når dei bed deg til seg, kjem du til å eta av offera deira.
16. Du vil ta koner til sønene dine mellom døtrene deira, og døtrene deira vil halda seg til gudane sine og få sønene dine til å falla frå og dyrka gudane deira.
17. Støypte gudebilete skal du ikkje laga deg.
18. Usyrdebrødshelga skal du halda. Sju dagar skal du eta usyrt brød, som eg har sagt deg, til fastsett tid, i abib månad. For i abib månad tok du ut frå Egypt.
19. Alt som kjem fyrst frå mors liv, høyrer meg til, alt det fyrste som vert født i buskapen din, og som er av hankjønn, anten det er storfe eller småfe.
20. Det fyrste følet som eselet får, skal du løysa med eit lam eller kje. Løyser du det ikkje, skal du bryta nakken på det. Kvart fyrstefødt gutebarn i ætta di skal du løysa. Ingen må visa seg tomhendt for mitt åsyn.
21. Seks dagar skal du arbeida, men den sjuande dagen skal du kvila. Om det så er i våronna eller haustonna, skal du kvila den dagen.
22. Sjuvekehelga skal du halda når du tek inn den fyrste grøda av kveitehausten, og hausthelga når året er ute.