2. Mosebok 32:15-24 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

15. Så gjekk Moses ned att av fjellet med dei to lovtavlene i handa. Det var skrive på begge sider av tavlene, både på framsida og baksida.

16. Tavlene var Guds eige arbeid, og skrifta var Guds eiga skrift, som var rita på dei.

17. Då Josva høyrde korleis folket ropa og ståka, sa han til Moses: «Det lyder hærrop i leiren.»

18. Moses svara: «Dette er ikkje sigerssong og ikkje skrik over nederlag; det er song og ståk eg høyrer.»

19. Då Moses kom ned til leiren og fekk sjå gullkalven og dansen, vart han så harm at han slengde tavlene mot fjellet og knuste dei.

20. Så tok han kalven som dei hadde laga, kasta han på elden og mol han til støv. Støvet strøydde han på vatnet, og det lét han israelittane drikka.

21. Så sa han til Aron: «Kva vondt har dette folket gjort deg, sidan du har ført det opp i så stor ei synd?»

22. «Ver ikkje vreid på meg, herre!» svara Aron. «Du veit sjølv kor vondt det er, dette folket.

23. Dei sa til meg: Lag ein gud som kan gå framføre oss! For vi veit ikkje kvar det har vorte av denne Moses, som førte oss opp frå Egypt.

24. Då sa eg til dei: Den som har gull på seg, skal ta det av! Så gav dei meg gullet, og eg kasta det på elden. Såleis vart denne kalven til.»

2. Mosebok 32