2. Mosebok 30:17-33 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

17. Herren sa til Moses:

18. Du skal laga eit vaskekar av bronse med fotstykke av bronse. Det skal du setja mellom møteteltet og altaret og ha vatn i det.

19. Der skal Aron og sønene hans vaska hendene og føtene.

20. Når dei går inn i møteteltet, skal dei vaska seg i vatnet, så dei ikkje skal døy, og like eins når dei stig fram til altaret og skal gjera teneste og brenna eldoffer for Herren.

21. Dei skal vaska hender og føter; elles må dei døy. Det skal vera ei evig lov for dei, for Aron og etterkomarane hans, i ætt etter ætt.

22. Herren sa til Moses:

23. Ta krydder av beste slaget: 500 sekel fin myrra, halvparten så mykje eller 250 sekel velluktande kanel, 250 sekel kalmus

24. og 500 sekel kassia, alt etter den vekt dei nyttar i heilagdomen, og så ein hin olivenolje.

25. Av dette skal du laga ein heilag salvingsolje, ein kryddesalve, så som salveblandarane gjer det. Ein heilag salvingsolje skal det vera.

26. Med den skal du salva møteteltet, paktkista,

27. bordet med alt som høyrer til, ljosestaken med det som høyrer til, røykjelsesaltaret,

28. brennofferaltaret med alt som høyrer til, og vaskekaret med fotstykket det står på.

29. Du skal vigsla dei, så dei vert høgheilage. Kvar den som kjem nær dei, vert heilag.

30. Og Aron og sønene hans skal du salva og via til å gjera presteteneste for meg.

31. Og du skal seia til israelittane: Dette skal vera min heilage salvingsolje hjå dykk i ætt etter ætt.

32. Han må ikkje koma på kroppen åt noko anna menneske, og de må ikkje laga annan salve som er såleis blanda. Heilag er han, og heilag skal han vera for dykk.

33. Den som lagar maken til denne kryddesalven eller brukar han på ein som ikkje er vigd, skal rydjast ut or folket sitt.

2. Mosebok 30