2. Mosebok 3:1-7 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Moses gjætte no småfeet åt Jetro, verfar sin, presten i Midjan. Så hende det ein gong då han dreiv feet over på den andre sida av øydemarka, at han kom til Horeb, Guds-fjellet.

2. Der synte Herrens engel seg for han i ein logande eld, som slo opp or ein klungerrunne. Han såg at runnen stod i ljos loge, men klungeren brann ikkje opp.

3. Då tenkte Moses med seg: «Eg vil bort og sjå dette underfulle synet, at klungeren ikkje brenn opp.»

4. Men då Herren såg at han kom bortåt og ville sjå, ropa han ut or klungerrunnen: «Moses, Moses!» Og han svara: «Ja, her er eg.»

5. Då sa Gud: «Kom ikkje nærare! Ta av deg skorne! For staden du står på, er heilag jord.»

6. Herren sa: «Eg er Gud åt far din, Abrahams Gud og Isaks Gud og Jakobs Gud.» Då løynde Moses andletet; for han våga ikkje å sjå på Gud.

7. Så sa Herren: «Eg har sett kor vondt folket mitt har det i Egypt, og høyrt korleis dei klagar over futane. Eg veit kva dei må lida.

2. Mosebok 3