37. Sju dagar skal du gjera soning for altaret og vigsla det. Då skal altaret vera høgheilagt. Kvar den som kjem nær det, vert heilag.
38. Dette skal du alltid ofra på altaret: to årsgamle lam kvar dag.
39. Det eine lammet skal du ofra om morgonen og det andre om kvelden, straks etter soleglad.
40. Saman med det fyrste lammet skal du ofra ein tiandedels efa kveitemjøl, blanda med ein fjerdedels hin olje av knust oliven, og til drikkoffer ein fjerdedels hin vin.
41. Det andre lammet skal du ofra om kvelden, straks etter soleglad. Med same slag grødeoffer og drikkoffer som om morgonen skal du ofra det, eit eldoffer til godange for Herren.
42. Det er det daglege brennofferet som etterkomarane dykkar skal bera fram for Herrens åsyn innmed møteteltdøra, der eg vil møtast med dykk og tala til deg.
43. Der vil eg møta israelittane, og teltet skal helgast av herlegdomen min.
44. Både møteteltet og altaret vil eg helga; og Aron og sønene hans vil eg vigsla, så dei kan vera prestar for meg.
45. Eg vil bu midt imellom israelittane og vera deira Gud.
46. Dei skal få kjenna at eg er Herren deira Gud, som førte dei ut or Egypt og vil bu mellom dei. Eg er Herren deira Gud.