29. Den heilage kledebunaden åt Aron skal sønene hans arva. Den skal dei ha på seg når dei vert salva og innsette.
30. Den av sønene hans som vert prest etter han, og som skal gå inn i møteteltet og gjera teneste i heilagdomen, skal bera denne bunaden i sju dagar.
31. Du skal ta vigslingsveren og koka kjøtet på ein heilag stad.
32. Og Aron og sønene hans skal eta kjøtet av veren og brødet i korga innmed møteteltdøra.
33. Dei skal eta dette soningsofferet, som vert frambore for dei når dei vert innsette til prestar og vigde. Ingen annan må eta av det; for det er heilagt.
34. Og vert noko av det vigsla kjøtet og av brødet liggjande til morgons, skal du brenna det. Det må ikkje etast, for det er heilagt.
35. Såleis skal du gjera med Aron og sønene hans, heilt og fullt som eg har sagt deg føre. Sju dagar skal vigsla vara.
36. Kvar dag skal du ofra ein okse til syndoffer og soning. Du skal reinsa altaret for synd når du gjer soning for det, og du skal salva det, så det vert heilagt.
37. Sju dagar skal du gjera soning for altaret og vigsla det. Då skal altaret vera høgheilagt. Kvar den som kjem nær det, vert heilag.
38. Dette skal du alltid ofra på altaret: to årsgamle lam kvar dag.
39. Det eine lammet skal du ofra om morgonen og det andre om kvelden, straks etter soleglad.
40. Saman med det fyrste lammet skal du ofra ein tiandedels efa kveitemjøl, blanda med ein fjerdedels hin olje av knust oliven, og til drikkoffer ein fjerdedels hin vin.
41. Det andre lammet skal du ofra om kvelden, straks etter soleglad. Med same slag grødeoffer og drikkoffer som om morgonen skal du ofra det, eit eldoffer til godange for Herren.