2. Mosebok 29:27-36 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

27. Brystet som vert svinga og låret som vert gjeve i avgift av vigslingsveren åt Aron og sønene hans, skal du lysa heilagt.

28. Den retten skal Aron og sønene hans ha hjå israelittane til evig tid. For det er ei gåve, ei gåve som israelittane skal gje av måltidsoffera sine, ei gåve frå dei til Herren.

29. Den heilage kledebunaden åt Aron skal sønene hans arva. Den skal dei ha på seg når dei vert salva og innsette.

30. Den av sønene hans som vert prest etter han, og som skal gå inn i møteteltet og gjera teneste i heilagdomen, skal bera denne bunaden i sju dagar.

31. Du skal ta vigslingsveren og koka kjøtet på ein heilag stad.

32. Og Aron og sønene hans skal eta kjøtet av veren og brødet i korga innmed møteteltdøra.

33. Dei skal eta dette soningsofferet, som vert frambore for dei når dei vert innsette til prestar og vigde. Ingen annan må eta av det; for det er heilagt.

34. Og vert noko av det vigsla kjøtet og av brødet liggjande til morgons, skal du brenna det. Det må ikkje etast, for det er heilagt.

35. Såleis skal du gjera med Aron og sønene hans, heilt og fullt som eg har sagt deg føre. Sju dagar skal vigsla vara.

36. Kvar dag skal du ofra ein okse til syndoffer og soning. Du skal reinsa altaret for synd når du gjer soning for det, og du skal salva det, så det vert heilagt.

2. Mosebok 29