1. Du skal laga eit altar av akasietre. Det skal vera fem alner langt, fem alner breitt, firkanta og tre alner høgt.
2. På kvart av dei fire hjørna skal du laga eit horn, og horna skal gå i eitt med altaret. Du skal kle det med bronse.
3. Så skal du laga fata som den feite oska skal berast bort i, og eldskuflene, offerskålene, kjøtgaflane og glopannene. Alle desse reiskapane skal du laga av bronse.
4. Du skal òg laga eit gitter til altaret, eit flettverk av bronse. På flettverket skal du laga fire bronseringar, ein på kvart hjørne.
5. Gitteret skal du setja nedst, under altarlista, så det når midt opp på altaret.
6. Du skal laga stenger til altaret. Dei skal vera av akasietre, og du skal kle dei med bronse.
7. Stengene skal smøyast inn i ringane, så dei sit på begge sider av altaret når det vert bore.
8. Altaret skal du laga av bord, og det skal vera holt. Som det vart synt deg på fjellet, så skal det gjerast.
9. Du skal laga ein føregard kring heilagdomen. På sørsida av føregarden skal det vera eit omheng av fint, tvinna lingarn. Det skal vera hundre alner langt på denne sida.
10. Til omhenget skal det vera tjue stolpar med fotstykke av bronse og hakar og stenger av sølv.